Tel 04102. 777 811
Tel 040. 600 97 600

Kerze löschen

Sind Sie sicher, dass Sie diese Kerze löschen möchten?

Karin Patockgestorben am 8. April 2022

Beitrag

Kjæraste Karin.

Eg var så heldig å bli kjend med deg som ein del styret i Den Norske Klub i Hamburg i åra eg budde der. Du var ei som tok vare på dei rundt deg, og smilet og det gode lynnet ditt varma alle oss som var i lag med deg. Eg er takksam for dei kjekke møta våre på kjøkenet til Guri, og ikkje minst at du var med meg på ei samling av av dei siste dagane eg budde i Hamburg før eg flytta tilbake til heimplassen min i Noreg i 2016. Der var eg og så heldig å få besøk av deg medan du var på Noregsreisa di og vi skratta og lo godt i lag. Du var som ei mor og venninne til oss jentene i Hamburg, varm og ven <3 Fred over minna.

Eg vil gjerne æra deg med eit dikt eg tykkjer passar godt til den gode Kari vi blei så glade i.

Å VERA I LIVET

Dette: å vera i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

Haldis Moren Vesaas